Helgestilling - Helse og meistring - 4000
Helgestilling - Helse og meistring
Om stillinga
Helse og meistring har fleire faste helgestillingar ledig og ønsker å snakke med deg som ser verdien i å jobbe med mennesker som treng ei hjelpande hand. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer.
Eininga består blant anna av Elvevegen- bueining for menneske med nedsett funksjonsevne, Heimetenesta og Jamnetunet Bu- og behandlingssenter.
Stillingane passar utmerka ved sidan av studier, og er ein ypperleg moglegheit for å få verdifull arbeidserfaring. Vi stiller ikkje eit absolutt krav om formell helsefagleg kompetanse, men vektlegg personlege eigenskapar.
Om du tenker dette høyres spanande ut, så ønsker vi å snakke meir med deg. Ta gjerne kontakt med oss dersom du er nysgjerrig på dei ulike avdelingane og arbeidsoppgåvene, og skriv gjerne i søknaden kva for avdeling du ønsker å arbeide i.Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
- Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring og personsentrert omsorg
- Dokumentasjon i fagsystem
- Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse
- Kommunikasjon og samarbeid med pårørande
- Mobilisering og aktivisering av brukarar
- Andre relevante oppgåver
Krav til kompetanse
- Du må vera fylt 18 år (unntaket er søkarar som går 2. året på Helsefag VGS)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Krav om godkjend politiattest
- Ønske om formell helsefagleg kompetanse eller erfaring, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv
- Du evner å skape gode relasjoner
- Du er påliteleg og punktleg
- Du er løysingsorientert og har evne til å prioritere
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vaksdal Kommune tilbyr
- Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for utdanning, vidareutdanning og kompetanseheving
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.
Om oss
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og er langt framme på velferdsteknologi. Hos oss får du store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag, og ikkje minst kvaliteten på tenestene vi gir.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.