Registrer deg for å få tilgang til alle funksjonene i tjenesten vår
  • Jobbsøk
  • Favoritter
  • Lag en CV
    NYTT
  • Lønn
  • Abonnementer

Elektrikar næringsmarknad

Elektrikar næringsmarknad

Tussa

Tussa er eit konsern på Nord-Vestlandet med om lag 330 medarbeidarar. Konsernet femnar om forretningsområda energi, IKT og installasjon.

Konsernet sitt hovudkontor ligg i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Tussa Installasjon

Tussa Installasjon er eit dotterselskap i konsernet. Selskapet har 160 tilsette og har gjennom ei årrekkje opparbeidd seg eit solid fundament av kompetanse og lokalkunnskap. Vi er opptekne av å levere miljøvenlege løysingar som stettar krava i dag, og dei moglegheitene vi får i framtida. Faget vårt er i rivande utvikling, og vi legg stor vekt på å ha oppdatert kunnskap om morgondagen sine løysingar. Vi arbeidar både i privat - og næringsmarknaden og har avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn. 

Om stillinga

Tussa Installasjon søkjer elektrikarar til næringsmarknaden. Her får du arbeide med alt frå kontorbygg og industrilokale til offentlege bygg og tekniske installasjonar. 

 

Arbeidsoppgåver: 

installasjon i næringsbygg, service- og vedlikehaldsoppdrag, ombyggingsprosjekt, samarbeid med andre fagarbeidarar og kundar

 

Vi ser etter deg som: 

  • har fagbrev som elektrikar, 
  • har erfaring frå næringsbygg eller industri, 
  • tek ansvar for eigne oppgåver, 
  • samarbeider godt med andre, 
  • er løysingsorientert, 
  • har førarkort

 

Arbeidsstad: 

Ørsta, Ulsteinvik, Stryn eller Fosnavåg

 

Kvifor velje Tussa Installasjon:

Du blir del av eit fagmiljø få kan matche på Sunnmøre. Med medarbeidarar innan elektro, automasjon, maritim installasjon, fornybar energi, høgspent, tavlebygging og kraftverksinstallasjon arbeider vi med eit breitt spekter av prosjekt og kundar. Det gir deg moglegheiter få andre kan tilby. Du får kollegaer å lære av, faglege utfordringar som utviklar deg, og høve til å spesialisere deg eller prøve nye fagområde gjennom karrieren. Vi kombinerer styrken til eit stort fagmiljø med nærleiken og samhaldet i dei lokale avdelingane våre. Resultatet er ein arbeidsplass med høg trivsel, korte beslutningsvegar og gode moglegheiterfor både fagleg og personleg utvikling.

 

Hos oss får du:

  • Konkurransedyktig løn og gode velferdsordningar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning
  • Moderne verktøy og framtidsretta teknologi
  • Gode kollegaer og eit uformelt arbeidsmiljø
  • Ein trygg arbeidsplass i eit solid konsern med lange tradisjonar og store ambisjonar
Ledig stilling lagt ut 6 dager siden