Registrer deg for å få tilgang til alle funksjonene i tjenesten vår
  • Jobbsøk
  • Favoritter
  • Lag en CV
    NYTT
  • Lønn
  • Abonnementer

Helsefagarbeidar - 4020

Helsefagarbeidar

Om stillinga

Vi søker ein helsefagarbeidar til ei 100% fast stilling turnus med arbeid kvar tredje helg ved Jamnetunet, avdeling Vaksdal sjukeheim. 

Vaksdal sjukeheim har 30 langtidsplassar for personar med demens, fordelte på to etasjar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, heilskaplege tenester og kontinuerleg utvikling.

Som helsefagarbeidar i kommunehelsetenesta møter du pasientar med samansette behov. Dette gir ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Hos oss er kvar enkelt bebuar i sentrum, og vi jobbar aktivt etter prinsippa for personsentrert omsorg. Vi ser mennesket bak diagnosen, og legg vekt på historien, ressursane, vanane og ønska til den einskilde for å skape ein trygg og føreseieleg kvardag med høg livskvalitet.

Vi legg stor vekt på kompetanseheving, og internundervisning er ein fast og viktig del av arbeidet vårt. Vi ønsker å legge til rette for at alle tilsette skal få utvikle seg fagleg. Er du sjølvstendig, strukturert og god til å samarbeide, trur vi du vil trivast hjå oss.

Vi kan òg tilby langvakter med arbeid kvar fjerde helg.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre trygge og gode tenester i tråd med vedtak, lovverk og faglege føringar 
  • Yte heilskapleg pleie, omsorg og miljøarbeid med utgangspunkt i personsentrert omsorg.
  • Kartlegge og møte dei individuelle behova og livshistorien til bebuarane.
  • Medikamenthandtering
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
  • Bidra til fagleg kvalitet og utvikling i tenesta
  • Kontakt og samarbeid med pårørande

Krav til kompetanse

  • Helsefagarbeidar 
  • Ønskelig med erfaring frå arbeid med personar med demens
  • Gode digitale ferdigheiter 
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Du verdsetter godt samarbeid, har positiv holdning og bygger gode relasjoner for pasienter, pårørende og kollegaer
  • Fagleg trygg og tek ansvar
  • Arbeider godt sjølvstendig, og samarbeider godt med andre
  • Løysingsorientert og fleksibel i møte med endringar og uventa situasjonar
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet og fagleg utvikling

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Vaksdal kommune tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

Om oss

Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Ledig stilling lagt ut 3 dager siden