Lege / legevikar

Lege / legevikar

Om stillinga

Vi søkjer sommarvikar for vår kommunelege i juli/august. Vi er fleksible på kva veker og stillings-%, og kan bidra med bustad ved behov. Det vil vere moglegheit for vidare vikariat.

Legekontoret vårt ligg sentralt på Mo som del av Modalen helsesenter. Her er våre helsetenester samlokalisert i koselege lokaler med Mofjorden som næraste nabo. 

Ved legekontoret jobbar legen sjølvstendig og i nært samarbeid med øvrige tenester ved helsesenteret, samt som sjukeheimslege på sjukeheimen vår på Øvre Helland. Som lege hos oss, får du jobbe i oversiktelege og rolege forhold i ein av landets minste kommunar. Vi søkjer deg som er interessert i allmennmedisin og distriktsmedisin, og som trivst å jobbe sjølvstendig og i tverrfagleg team.

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon og HPR-nummer
  • Sjølvstendig vaktkompetanse
  • Kjenne til det norske systemet
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk/skandinavisk språk
  • Politiattest utan anmerkning
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar vektleggast

Våre ynskje om deg

Vi ønskjer at du

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er ansvarsbevisst og påliteleg
  • har god relasjonell kompetanse
  • kan møte den enkelte med forståelse, respekt og empati.

Er vi den du ser etter?

Da håper vi du vil søke!

Vi kan tilby

  • gode løns- og arbeidsvilkår
  • høg grad av sjølvstendig arbeid med kontroll over kvardagen 
  • breidt ansvarsområde som allmennlege i distriktet 
  • god tid til pasient med listelengde på 450
  • trivelege kontorlokale i eit godt samarbeidsmiljø

Vi kan bidra med bustad ved behov.

Jobb i Modalen!

Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg. Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein time køyring til Bergen. Modalen er ein liten kommune med stor kraft.

Modalen helsesenter er lokalisert sentralt på Mo. Her er legekontor, helsestasjon, fysioterapeut, psykiatritenesta og psykolog samlokalisert i trivelege lokaler ved fjorden. 

 

Ledig stilling lagt ut 2 måneder siden
Registrer deg for å få tilgang til alle funksjonene i tjenesten vår
  • Jobbsøk
  • Favoritter
  • Lag en CV
    NYTT
  • Lønn
  • Abonnementer