Registrer deg for å få tilgang til alle funksjonene i tjenesten vår
  • Jobbsøk
  • Favoritter
  • Lag en CV
    NYTT
  • Lønn
  • Abonnementer

Arealplanrådgjevar

LOM KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Vi skal tilsette ein arealplanrådgjevar i 100 % fast stilling og søkjer etter ein person som kan bidra godt både på planfag og prosess. Søknadsfrist: 9. august

Lom og Skjåk kommunar har felles tenester på fagområda plan, byggesak og miljø. Vi er eit fagmiljø med oppgåver på alle nivå i planhierarkiet, og vi handsamar private reguleringsplanforslag, dispensasjonar, byggesaker, forureinings- og utsleppsaker, motorferdsel- og utmarksaker.

Vi held til på Midtgard, som er kommunehuset i Lom, og har også kontordagar på kommunehuset i Skjåk.

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

Oppgåveporteføljen på plankontoret er brei, og vi fordeler oppgåver ut frå kompetanse, kapasitet og ønskje. Oppgåver du kan vente deg er mellom anna:

  • Følgje opp og handsame private reguleringsplanar og dispensasjonssøknadar

  • Utarbeide konsekvensutgreiingar

  • Følgje opp saker der naturfare som flaum og skred er tema

  • Skrive uttaler til høyringar

  • Oppfølging av den digitale planbasa, planforvaltning

  • Rettleie innbyggjarar og tiltakshavarar

  • Det kan også vera aktuelt å utarbeide kommunale arealplanar

Andre oppgåver kan også bli aktuelle.

Vi ser etter deg som

  • Har relevant høgare utdanning og gjerne relevant arbeidserfaring

  • Har kunnskap om plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter

  • Har kunnskap om handtering av naturfare i arealplanlegging

  • Har kunnskap om GIS og planforvaltning, eller vil tileigne deg dette

  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Administrasjonsspråket er nynorsk

Vi vil vektlegge personleg eignaheit.

Erfaring frå offentleg forvaltning og forhaldet mellom politikk og administrasjon er ønskjeleg.

Du må kunne leie og delta godt i prosessarbeid og samarbeide godt med andre. Å vere fagleg undersøkande og reflektert er viktig i denne jobben. Du møter ofte komplekse oppgåver og du må trivast med dette, vere løysingsorientert og fleksibel og kunne arbeide deg strukturert gjennom oppgåveporteføljen.

Kommunane yter tenester til innbyggjarane, og det er viktig for oss å vere tilgjengelege og rådgjevande. Vi ønskjer oss ein medarbeidar som tek initiativ til utvikling og nye måtar å løyse oppgåver på.

Kvifor velje oss?

Hjå oss får du:

  • Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom kollegaer

  • Ansvar og tillit

  • Variasjon i arbeidsoppgåver

  • Rom for fagleg utvikling

  • Fleksibilitet i arbeidstid og arbeidsstad

  • Konkurransedyktig løn

  • Gode pensjonsordningar

Her får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.

Lom og Skjåk kommunar har til saman 4300 innbyggjarar som bur i tettstadar og grender mellom store naturområde. Kommunane er prega av landbruk og høgfjell, med eit variert næringsliv og riksveg 15 som bind oss saman med både aust- og vestlandet.

I tillegg til å kunne by deg på ein variert arbeidskvardag, kan du som mange andre her nytte fritida di utandørs ved vatn og elv, på ski eller på beina i skog og fjell. Lag og organisasjonar tek i mot deg både som gjest og som bidragsytar inn i kulturlivet. Vi synest at å bu på bygda er både vakkert og variert!

Ledig stilling lagt ut 18 timer siden