Registrer deg for å få tilgang til alle funksjonene i tjenesten vår
  • Jobbsøk
  • Favoritter
  • Lag en CV
    NYTT
  • Lønn
  • Abonnementer

Politiførstebetjent med funksjon som OVA-kontakt (vikariat)

kr 720.000

Politiførstebetjent med funksjon som OVA-kontakt (vikariat)

Om stillinga

I Vest politidistrikt, GDE Bergen, Askøy og Øygarden (GDE-BAØ), Bergen Vest politistasjonsdistrikt er det ledig eit vikariat som politiførstebetjent (SKO 0285) med funksjon som OVA­-kontakt fra tiltreding og fram til 01.08.2027.

GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt. Bergen Vest politistasjonsdistrikt består av Avsnitt for politipatrulje, Avsnitt for etterforsking, førebyggarar og sivile medarbeidarar. I tillegg har politistasjonsdistriktet ansvar for etterretning og risikovurdering knytt til partnarvald, kor stillinga som OVA-kontakt er plassert.

Som OVA-kontakt vil hovudoppgåva di vere å vurdere, gjennomføre og følgje opp bruk av omvend valdsalarm (OVA) i straffesaker innanfor GDE Bergen, Askøy og Øygarden. Avsnittet for etterretning og førebygging har ansvar for risikovurdering av vald i nære relasjonar, og me kan derfor tilby deg eit sterkt fagmiljø og kollegaer med stor engasjement og fagkompetanse. I tillegg til å vere ein del av eige avsnitt, vil du bli inkludert i OVA-fagmiljøet i Vest politidistrikt.

Stillinga er ei dagstilling, med arbeidstid mellom 07:30-15:00. Noko reisevirksomhet må påreknast.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Me søkjer ein engasjert medarbeidar til stilling som politiførstebejtent med funksjon som OVA-kontakt. Stillinga har einingsansvar for oppfølging og forvaltning av omvende valdsalarmar (OVA) for heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden.

Me ser etter ein strukturert og initiativrik medarbeidar som ønskjer å vera med på å utvikla ei spanande og viktig stilling i politiet. Dette er også ei stilling som har høg prioritet både hos politidistriktet og riksadvokaten.

Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

Ansvarleg for vurdering, førebuing, iverksetjing og oppfølging av OVA (omvend valdsalarm) i alle aktuelle saker i GDE Bergen, Askøy og Øygarden, under dette mellom anna:

  • Gjennomføra kartlegging og risikovurdering
  • Bidra til å identifisere saker som egner seg for OVA
  • Utarbeida forbodssone og gjennomføringsplan
  • Planleggja og organisera på- og avlenkingar
  • Planleggja og organisera eventuelle avtalte brot på forbodssona
  • Vera kontaktperson for trusselutøvar og trusselutsette
  • Vareta nødvendig samhandling med interne og eksterne aktørar
  • Vitne i retten ved behov
  • Sikre notoritet og dokumentasjon i OVA-sakene i eininga
  • Vera ansvarleg for for rapportering, opplæring og kvalitetssikring i eigen geografisk driftsening
  • Ved ledig kapasitet må det påreknast arbeidsoppgåver som ligg til avsnitt for etterretning og førebygging
  • Andre oppgåver pålagt av leiar

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Vitnemål frå Politiskulen/ Politihøgskulen
  • Tilfredsstille kompetansekrava for politibetjent  3 og minimum 3 års relevant arbeidserfaring frå fagfeltet
  • Kravet om minimum 3 års relevant erfaring frå fagfeltet kan fråvikast ved relevant bachelor- eller mastergrad utover politiutdanninga
  • Relevant erfaring frå etterforsking
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode IT- og systemkunnskapar
  • God kjennskap til datasystema til politiet
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, kan det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med OVA, under dette OVA-admin, OVA-kart og forbodssoner blir vektlagt
  • Kjennskap til retningslinjer, rutinar og lovverk knytte til OVA blir vektlagt
  • Erfaring innan utarbeiding av rutinar, instruksar og anna rammeverk er ein fordel
  • Erfaring og eller utdanning innan opplæring, pedagogikk og rettleiing er ein fordel
  • Kjennskap til prosjektmodulen i lncicia er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk i ein hektisk arbeidskvardag
  • Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape samhald og trivsel
  • Vere tilpasningsdyktig, kreativ og pliktoppfyllande
  • Evne til å utforske og finne løsninger på digitale utfordringer

     

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her . 

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eir arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga vert lønna som politiførstebetjent (stillingskode 0285) med funksjon som OVA-kontakt med årslønn: får kr. 720.000,-. 
    Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr hovedtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på  
  • Gode arbeidsvilkår (turnus, trening i arbeidstida, o.l)

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her . 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Om oss

Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.

Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leder. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.

Ledig stilling lagt ut 1 dag siden