Miljøarbeidar - 3110
Miljøarbeidar
Om stillinga
Ved Valestrand skule skal vi saman leggje til rette for læring og utvikling for alle elevar, og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på seg sjølv. Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy. Vi søkjer no etter ein varm, engasjert og inkluderande miljøarbeidar i 100% vikarstilling som skal jobbe både i skule og i SFO. Kanskje er det deg vi kan ønskje velkommen til den gode skulen vår?
Oppstart i stillinga er 10.08.2026 og varer til Vis telefonnummer på jobbnorge.no men kan verte forlenga.
Arbeidsoppgåver
Som miljøarbeidar ved skulen vår vil du ha varierte arbeidsdagar med variert innhald. Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga er mellom anna:
- Arbeide for eit trygt og godt skulemiljø
- Bidra til å styrke laget rundt elevar
- Du har medansvar for at opplæringslova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på skule og i SFO
- Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper i skule og i SFO
- Bidra til utviklande og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Vi tilbyr varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP
- Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo
- God bussforbindelse
- Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega!
Kvalifikasjonskrav
Kvalifikasjonskrav
- Du har fortrinnsvis fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Anna utdanning med fagbrev innan helse- og oppvekstfag kan og vurderast
- Har du ikkje fått fagbrevet heilt endå men ønskjer å ta det snarleg, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg
- Vidareutdanning i "kvalitetsarbeid i SFO" er eit ønskje
- Personlege eigenskapar vil bli tillagd vekt i prosessen
- Krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn tre månader om du får tilbod om stillinga
Kven er du?
- Som miljøarbeidar ved Valestrand skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein raus og trygg vaksen
- Du står stødig når barn treng innramming
- Du er nysgjerrig og har mot og vilje til å vere i utvikling
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig, finn løysingar, og likar å jobbe i team
- Du tar initiativ til å sjå ting frå nye innfallsvinklar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du er strukturert og nøyaktig
- Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter!
Sjå vår P ensjonsguide for meir informasjon om kva for goder du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om oss
Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.
Verdiane våre ved Valestrand skule er; engasjert, inkluderande og kreativ, og vi arbeider for å gjere kvarandre gode i dag, og i framtida.
Skulen har eit aktivt elevråd som arbeider for at alle elevane på skulen skal få ein best mogeleg skulekvardag.
Valestrand har temadagar jamnt gjennom året og verdset aldersblandanda aktivitetar.
Valestrand skule er ein av dei største skulane på Osterøy og ligg vakkert til og nær naturen, med mellom anna Ole Bull sin feriebustad.