Open søknad
Open søknad
Om Tussa
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Konsernet har som visjon å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har ei årleg omsetning på om lag 1,4 mrd. Hovudkontoret ligg i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Vi er over 300 medarbeidarar og har avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg, Ålesund, Åndalsnes, Stranda, Sykkylven og Stryn.
Dei ulike Tussaselskapa
Tussa Kraft AS er morselskapet i Tussakonsernet, og yter tenester innan økonomi, finans, innkjøp, personal, HMS og kommunikasjon til dotterselskapa.
Tussa Energi AS produserer kraft, byggjer ut og driv vasskraftverk, og sel kraft på den nordiske kraftbørsen.Tussa Energi AS eig og driv 29 kraftverk. I tillegg til vasskraftproduksjon har Tussa Energi AS eit biobrenselanlegg i Ørsta sentrum. Tussa Energi AS har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune.
Tussa IKT AS produserer og sel kommunikasjonstenester og IT-tenester. Tussa IKT AS sitt breibandsnett dekkjer heile søre Sunnmøre, og selskapet har ei offensiv fibersatsing mot hushaldningar og bedriftsmarknaden. Parallelt med dette blir det satsa sterkt på IT-tenester til næringslivet, primært i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men også til andre delar av landet. Tussa IKT AS har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta og avdeling i Ålesund.
Tussa Installasjon AS er ein elektroentreprenør som leverer tenester innan dei aller fleste elektrotekniske områda som t.d. sterkstraum, svakstraum, automasjon, tele og data. Det vert levert tenester både til private og til industri/næring. Tussa Installasjon AS har hovudkontor i Ørsta og avdeling i Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn.
Om opne søknadar
Dei fleste stillingane våre vert annonsert i lokale aviser, på eigne Facebooksider og på eigne nettsider. Dersom vi for tida ikkje har ute stillingsannonser som er aktuelle for deg, kan du sende inn ein "open søknad". Dette er ein søknad som ikkje er knytt til ei spesifikk stilling, men der du likevel melder interessa di for arbeid i Tussa.
Det er ønskjeleg at du legg ved ein kort søknad der du også skisserer kva type arbeid som er mest aktuelt for deg.
Tussa tek vare på søknadane i omlag 6 månader. Dersom du ikkje har fått jobbtilbod innan den tid, men framleis ønskjer å stå som jobbsøkjar, så bør du levere ny søknad.