Registrer deg for å få tilgang til alle funksjonene i tjenesten vår
  • Jobbsøk
  • Favoritter
  • Lag en CV
    NYTT
  • Lønn
  • Abonnementer

Ringevikar Indre Masfjorden barnehage

Ringevikar Indre Masfjorden barnehage

Om stillinga

Indre Masfjorden barnehage søker etter ringevikarar. 

Indre Masfjorden barnehage barnehage ligg i Matre i Masfjorden kommune. Har du godt humør og likar å vere aktiv i eit leikande miljø? Då ser vi fram til at du søker hos oss! 

Kort om stillinga 

Som ringevikar forpliktar du deg ikkje til ei fast arbeidstid eller arbeidsmengde, men du avtaler ledige vakter som passar for deg. Ein ringevikaravtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtalt.  

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk og pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper 
  • Vise omsorg for kvart enkelt barn 
  • Ta initiativ til og delta aktivt i barnas aktivitetar og leik 
  • Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga og i barnehagen  

Me søker

  • Ha interesse for barn og barns utvikling 
  • Tydeleg og vaksen som tar initiativ til å byggje gode relasjonar 
  • Kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med barn både inne og ute 
  • Ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team 
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg, jf. barnehagelova § 27 

Anna 

  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • For tilsetjing i barnehage, vert det stilt krav om politiattest 
  • Løn etter tariff 

Om oss

Indre Masfjorden barnhage ligg i Matre. Vi har flotte skogs -og turområde i nærleiken som barnehagen nyttar seg av på turdagar. 

Masfjorden kommune har 3 barnehagar: Indre Masfjorden barnehage, Nordbygda barnehage og Sandnes barnehage. Alle tre er DUÅ-barnehagar. 

 

Ledig stilling lagt ut 22 timer siden