Registrer deg for å få tilgang til alle funksjonene i tjenesten vår
  • Jobbsøk
  • Favoritter
  • Lag en CV
    NYTT
  • Lønn
  • Abonnementer

Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i helse- og omsorgsvitskap innan sjukepleie

Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i helse- og omsorgsvitskap innan sjukepleie

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.

d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)er det ledig inntil to 100 % faste stillingar som førsteamanuensis /førstelektor / høgskulelektor i helse- og omsorgsvitskap innan sjukepleie, ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Stord

Stillingane er knytt til Institutt for helse- og omsorgsvitskap innan fagområdet sjukepleie.

Arbeidsplassen er ved Campus Stord.

Tilsetjing i stillingane er frå 01.01.2027 eller etter nærare avtale.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde sjukepleie ved  bachelorutdanninga for sjukepleiarar og vidareutdanningar og masterprogram innan helsefag, samt innan forskingsprofilane ved fakultetet
  • Rettleiing og oppfølging av studentar innan relevante fagområde, både i teori og praksisstudiar, samt sensur og anna vurderingsarbeid
  • Bidra til forsking knytt til studieprogramma på fagområdet, og innan fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra i dei ulike faglege institusjonsbyggjande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Forskings- og utviklingsarbeid med relevans for fagområdet 
  • Delta i utviklinga av nye, relevante forskingsprosjekt, og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeide om utdanning og forsking internt i høgskulen og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Kriterier for tilsetting i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor går fram av  Forskrift til universitets- og høyskoleloven 

Formell utdanning og kompetanse:

Førsteamanuensis

For å innfri kvalifikasjonskrav til førsteamanuensis vert det kravd minst:

a. doktorgrad innan relevant fagområde, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg arbeid av same omfang og kvalitet

b. utdanningsfagleg kompetanse  

 

Førstelektor

For å innfri kvalifikasjonskrav til førstelektor vert det kravd minst:

a. høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde

b. utdanningsfagleg kompetanse 

c. relevant yrkes- eller undervisningserfaring 

d. bidrag til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standarder innan fagområdet/yrkesfeltet

 

Høgskulelektor

For å innfri kvalifikasjonskrav til høgskulelektor vert det kravd minst:

a. høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde

b. utdanningsfagleg kompetanse 

c. relevant yrkes- eller undervisningserfaring

 

For alle vert det kravd:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse relatert til akutt, kronisk og/eller kritisk syke og geriatri. Anna relevant erfaring vil òg bli vurdert.
  • Relevant vitskapleg kompetanse innan aktuelt fagområde
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk 
  • God IT-kompetanse

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Interesse for og/ eller erfaring med studentaktive undervisningsformer, simulering, digitale undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid
  • Fortrinnsvis karakteren A eller B på masteroppgåva
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt

 

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

 

Utdanningsfagleg kompetanse

Utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet . 

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i  Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. Utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet . 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.   Sjå for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette.  Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ,                           i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Solveig Laukhammer,           tlf. Vis telefonnummer på jobbnorge.no

2) Instituttleiar Kristina Johannessen Tolås                  tlf. Vis telefonnummer på jobbnorge.no

Ledig stilling lagt ut 1 dag siden